Gunda Djupvik
Seniorrådgjevar
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Gunda er også medlem av HSMAI Advisory Board for innkjøpere
En kort introduksjon om deg selv
Eg er jurist, og har jobba i Arbeids- og velferdsetaten med kontraktsforvaltning og anskaffelsar i 12 år. Før det jobba eg hos Nasjonalbiblioteket, etter at eg tilbrakte mine første år etter studia i musikkbransjen. På fritida skriv eg om mat, og har gitt ut tre kokebøker.
Q: Hva består din arbeidshverdag av?
A: Eg brukar mykje tid på å halde meg oppdatert på kva som skjer på dei områda eg jobbar innanfor, først og fremst eigedomsdrift og forretningsreiser. Så har eg mykje kontakt utover i etaten, og følgjer opp at dei som brukar kontraktene våre får det som er avtalt, og tenker ut nye måtar å løyse utfordringar på. Eg jobbar i eit veldig inspirerande og engasjert team, som alle har som mål å spare skattepengar, og å gjere NAV betre.
Q: Hva er det beste ved jobben din?
A: Dei eg jobbar saman med, og dei eg møter på min veg. Møte med menneske er det som motiverer meg aller mest, og ikkje minst det å hjelpe dei til å få ein smidigare kvardag i ein travel organisasjon.
Q: Har du noen du har sett opp til?
A: Eg ser opp til alle dei kvinnene som gjekk framfor oss, som hadde små barn på seksti- og syttitalet, og som kjempa igjennom foreldrepermisjon, likestilling på arbeidsplassen, og ikkje minst retten til å bli lytta til i saker som gjaldt dei. Vi har lett for å ta for gitt slik vi har det i dag, men det har blitt kjempa fram med morsmjølk, sveitte og tårer.
Q: Har dere noen hyggelige tradisjoner på kontoret?
A: Ja, vi finn alltid på morsomme ting, no skal vi snart ut og samle mose til ein mosevegg som vi skal bygge på kontoret, og vi har hatt matkurs, julegaveworkshop og malekveld, til dømes. Så vi er ein kreativ gjeng.
Q: Hvor lenge har du vært engasjert i HSMAI?
A: Det veit eg jammen ikkje, eit par år, tenker eg?
Q: Hva syns du er det beste ved HSMAI?
A: Fagfellesskapet, og møteplassen med bransjen, der ein kan diskutere ting fritt og utveksle idéar og tankar.
Q: Er det noen aktiviteter eller tiltak du syns HSMAI bør starte opp?
A: Ikkje noko konkret som eg kjem på i farta.
Q: Beskriv en perfekt helg for deg.
A: Då er vi i huset vårt i Sverige, aller helst med barna, som er så store at dei har flytta for seg sjølv. Ei helg med dei, med god mat og turar i skogen ville vere perfekt.
Q: Hvis du var Norges statsminister, hva ville du lagt vekt på?
A: Då ville eg lagt vekt på å lage eller å støtte opp om fleire arbeidsplassar for folk som treng tilrettelegging og støtte, slik at fleire kan få oppleve den gleda det er å ha gode kollegaer og ein meiningsfull kvardag.
Q: Hvordan vil noen som kjenner deg beskrive deg?
A: Idérik, ivrig, flink til å motivere og god til å lage mat.
Q: Hvor går neste reise, privat eller i arbeid?
A: Den går til huset vårt i Sverige, mest sannsynleg allereie i morgon.
Q: Har du noen spesielle hobbyer?
A: Utover matlaging har eg eit lidenskapeleg forhold til parfyme, og eg elskar å få ting til å gro i hagen min.
Q: Om du var fanget på en øde øy, hva ville du tatt med deg, om du fikk velge én ting?
A: Atamon. Det konserverer og hindrar mugg og gjæring, så viss eg fann mat som eg måtte ta vare på, kunne eg brukt atamon for å få det til å halde seg lenger.
Q: Takk, har du ellers noe på hjertet?
A: Du ville ikkje bekymre deg så mykje på kva folk tenker om deg viss du visste kor sjeldan dei gjer det.